Vil du bli vår nye kunderådgjevar?
- Arbeidsgiver
- Luster Sparebank
- Stillingstittel
- Kunderådgjevar personmarknad
- Frist
- 19.01.2022
- Ansettelsesform
- Fast
Me ser etter nokon som likar å jobbe med kundar, og som blir motivert av å skape gode kundeopplevingar. Å utvikle banken sine relasjonar til både eksisterande og nye kundar vil vere ein viktig del av jobben.
Arbeidsoppgåver
- Breidderådgjeving innan kreditt, forsikring og sparing
- Ansvar for eigen kundeportefølje
Ynskjelege kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning
- God økonomisk forståing
- Erfaring frå kunderetta rådgjeving/sal
- Gjerne autorisert innan kreditt/forsikring/AFR
Personlege eigenskapar
Me ser etter ein person som er god på å finne dei rette løysingane for kunden i forskjellige fasar av livet.
Du må ha ei positiv innstilling som verdset godt arbeidsmiljø med lagspel og arbeidsglede.
Me kan tilby
Ei fast stilling med spanande og varierte oppgåver som vert løyst i lag med trivelege arbeidskollegaer.
Gode velferdsordningar, fleksitid og løn etter avtale.
Moglegheit for fagleg og personleg utvikling.
Bli med på utviklinga i Luster Sparebank, der gode løysingar og service til kundane står i fokus.
Om arbeidsgiveren
Luster Sparebank er ein solid og sjølvstendig sparebank med målsetjing om ekspansjon og vekst.
Banken har hovudkontor i Gaupne og filial på Hafslo i Luster Kommune. Me har 24 tilsette og konkurransedyktige tilbod av finansielle tenester, produkt og moderne digitale løysingar. Vår visjon er "Saman når me måla dine" og personleg kontakt, tillit, rådgjeving, raske avgjerder og god service er viktige element for oss. Dette ynskjer me å utvikle vidare i tråd med verdiane våre, som er "Personleg, Ansvarleg og Kompetent".
- Nettverk
- Sektor
- Privat
- Sted
- Øyagata 2, 6868 Gaupne
- Bransje
- Bank, finans og forsikring
- Stillingsfunksjon
- Kundeservice,
- Rådgivning,
- Saksbehandler
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Lene Fuhr Sandvik
- Stillingstittel
- Leiar personmarknad
- Telefon
- 57 68 23 27
- Mobil
- 46 97 07 27
Øyagata 2, 6868 Gaupne