Leiar økonomisk kriminalitet

Har du lyst til å bidra til å nedkjempe økonomisk kriminalitet? Vi søker dyktig leiar som skal ha ansvar for avdeling økonomisk kriminalitet.

Som leiar for avdeling økonomisk kriminalitet vil du få ansvar for at Sparebanken Sogn og Fjordane til ei kvar tid har eit godt implementert rammeverk, som samsvarar med leiande praksis for risikostyring knytt til økonomisk kriminalitet. Du vil leie avdelinga og vidareutvikle banken sitt arbeid mot økonomisk kriminalitet, som inkluderer kvitvasking og terrorfinansiering, handtering av svindel og sanksjonar. Avdelinga vil jobbe i tett samspel med forretningsområda Privatmarknad og Bedriftsmarknad, samt andre fagavdelingar i banken.
Ein sentral del av stillinga vil vere å førebyggje, avdekke, utgreie og rapportere økonomisk kriminalitet for å sikre at banken til ei kvar tid er tilpassa gjeldande krav og endringar i relevante regelverk. Til stillinga ligg også rolla som ansvarleg for antikvitvask, med direkte rapporteringslinje til adm. direktør og styret i banken.
Stillinga har også ansvar for opplæring og kompetanseheving i organisasjonen innanfor dei aktuelle områda.

Er du den vi er på jakt etter?

Vi søker deg som har interesse for arbeid med nedkjemping av økonomisk kriminalitet. Du har god analytisk kompetanse, er utviklings- og løysingsorientert og du trivast med å løyse komplekse problemstillingar i lag med eit kompetent team.

Relevante eigenskapar og kompetanse

  • Høgare akademisk utdanning, gjerne som jurist eller økonom, men anna relevant utdanning kan også vere aktuelt
  • Erfaring fra bank/finans, tilsynsmyndigheit eller anna relevant arbeid
  • Trygg i leiarrolla og erfaring med personalansvar
  • Evne til å utfordre, engasjere og vidareutvikle medarbeidarar og organisasjonen
  • Strukturert, sterk drivkraft og god gjennomføringsevne
  • Evne til å kommunisere godt og tydeleg, både på norsk og engelsk
Som arbeidsgjevar tek vi godt vare på våre tilsette. Noko av det vi kan tilby er fleksibel arbeidstid, hybrid kontorløysing, redusert arbeidstid frå mai til august, medeigarskap i bedrifta gjennom tildeling av eigenkapitalbevis, gode pensjons- og forsikringsordningar og ei spennande stilling med moglegheit for personleg utvikling i ein innovativ og framtidsretta bank. Hos oss får du eit triveleg arbeidsmiljø med kompetente kollegaer som vil ta godt i mot deg. 

Hos oss er det korte vegar til avgjersler, vi hjelper kvarandre med å lukkast og det er rom for å vere seg sjølv.

Fakta om stillinga

Søknadsfrist
31.10.2023

Kontorstad
Førde

Kontakt
Adm. direktør Trond Teigene,
908 25 086
Fagansvarleg HR, Lillian Loen,
905 70 484
Søk på stillinga
Sparebanken Sogn og Fjordane er den niande største sparebanken i landet og har nær 50 prosent av marknaden i Sogn og Fjordane. Banken har ein forvaltningskapital på om lag 74 milliardar kroner og nær 280 tilsette i Sogn og Fjordane og Bergen. Banken er det største finansielle fagmiljøet mellom Ålesund og Bergen. Vi støttar næringsutvikling i regionen og bidreg til omstilling til eit meir klimavennleg og berekraftig samfunn.